Ønskjer dere å samarbeide med ein solid leverandør som er oppteken av kvalitet, smarte rutinar, solide system og tryggleik på byggjeplass? No er Brødrene Mæland på jakt etter dyktige tømrarfirma som ønskjer å byggja våre kundars draumeheim og fritidsbustader.
Ekte handverk er å leggja hjartet i det. Det er å ha respekt for råvarene og kjenne stoltheita i brystet kvar gong me reiser eit nytt bygg. Brødrene Mæland søkjer no etter sjølvstendige tømrarfirma som er like opptekne av kvalitet som det me er.
Me er spesielt på jakt etter tømrarlag som kan utføra oppdrag i områda rundt disse stadane:
Haugalandet
Ullensvang
Seljestad, Røldal og Vågsli
Kan dette vera dykk? Då håpar me du registrera deg her. Då vil me i Brødrene Mæland ta kontakt med deg og svara på alle spørsmåla dine om det å byggja husa våre, hytter og prosjektbustader.
Det er sjølvsagt heilt uforpliktande å kontakta oss.
Ønskjer du å vita kva som er fordelane ved å samarbeida med oss? Scroll deg ned og les meir om det ferdige tømrarkonseptet vårt.
Eit trygtsamarbeid
Me er ein trygg samarbeidspartnar for deg og tømrarlaget ditt. Hos oss ventar mange spennande oppdrag som alltid vil vera ferdig prosjektert og berekna før oppstart ute på byggjeplass. Alt av materiale blir levert direkte til byggjeplassen, til det tidspunktet som er avtalt med tømrarane på førehand. For når de samarbeider med oss, kjem de til eit ferdig konsept der alle rutinar er på plass.
Me tek byggeledelsen
I Brødrene Mæland har me eigen byggjeleiar for alle byggjeprosjekt. Byggjeleiaren koordinerer alle underentreprenørar, kontrollerer framdrifta og sikrar kvaliteten gjennom heile prosessen. Det er byggjeleiaren som er kontaktpersonen til kunden, slik at alle tømrarar har fullt fokus på bygginga.
Digitale byggjeplassar
I Brødrene Mæland bruker me eit digitalt system som heiter Fonn. Dette gjer at tømrarlaget ditt heile tida har enkel tilgang på viktig og nødvendig informasjon om byggeprosjektet – direkte via ein app på mobiltelefonen eller nettbrettet ditt. I Fonn ligg alle teikningar, detaljar, sjekklister etc. Systemet er svært brukarvennleg, profesjonelt og effektivt. Her kan òg alle involverte i byggjeprosjektet kommunisera med kvarandre.
Me bruker precutt-metoden
I Brødrene Mæland ønskjer me oss ein effektiv og nøyaktig byggjeprosess. Derfor nyttar me precutt-metoden. Dette betyr at når komponentane til bindingsverket til bygget blir levert på tomta, er dei allereie ferdig kappa, frest og merka. Dette gir ei kortare byggjetid. I tillegg blir det mindre avfall og kapp, noko som igjen gjer at man får ein meir ryddig byggjeplass.
Me ser fram til og høyra frå deg!