Vår byggjeprosess

1

Ved første møte/befaring går me igjennom behov og ønskjer til kunden på veg mot husdraumen. Saman lagar me ein plan for budsjett, og kartlegg kva som er viktig for akkurat deg på veg mot draumebustaden.

2

Etter fleire års erfaring innan byggjebransjen, ser me at du som kunde i stor grad vil vera med og designa din eigen draumebustad. Me tilbyr derfor ikkje kataloghus, men lagar kvar bustad heilt unik og tilpassa kunden. Vår eigen interiørdesignar hjelper gjerne, om ønskeleg. Her er eit godt samarbeid viktig, slik kjem me fram til best mogleg resultat! Me teiknar huset inn på aktuell tomt i 3D, og kallar kunden inn til ei visning der eventuelle endringar blir tekne.

3

Når huset er ferdig teikna av vår eigen teiknar, og både fasadar og planløysing er på plass så startar me kalkuleringsfasen. Her legg me inn vår standard beskrivelse slik at huset kan overleverast nøkkelferdig. Det er viktig for oss og ha gode og lokale underleverandørar, slik at me veit at det beste tilbodet blir overlevert. Ønskjer kunden å trekkja ut delar av tilbodet til f.eks. eigeninnsats, er dette sjølvsagt heilt greit. Me ønskjer eit tilbod begge partar er fornøgd med.

4

Kontrakt blir etter norsk standard sin kontraktsmal, og inneheld leveranse beskrivelse og teikningar som er godtekne av kunden. Me ønskjer at mest mogleg av byggjeprosessen er bestemd ved kontraktinngåelse – for ein optimal byggjeprosess.

5

Me lagar nødvendige byggjesøknadsteikningar og tek oss av heile søknadsprossesen for kunden. I denne fasen prosjekterer me òg bygget.

6

Når alt er søkt inn, tek me eit møte med både byggjeleiar og salskonsulenten vår der me overleverer kundekontakt til byggjeleiar, og går gjennom ei sjekkliste for vidare byggjeprosess.

7

Ved oppstart bygging er det me som tek heile koordinering av byggjeprosessen. Skal kunden gjera eigen innsats, må ein halda oppe god dialog med byggleiar for å gjera dette enklast mogleg for begge partar. Alle fag og handverkstenester blir koordinerte av byggjeleiaren din, og dette blir òg den faste kontaktpersonen til kunden gjennom prosessen.

8

Då er huset klart for overlevering! Me skaffar alle dokument og ferdigattestar, og går gjennom bygget i lag med kunden helst før overlevering. Då kan eventuelle feil eller manglar rettast opp til overleveringsdato. Feil og manglar er berre gjeldande dersom dei avvik frå plan- og byggningsloven. Me kjem på ett-års-befaring for å sjå at alt fungerer som det skal. Er det feil som har dukka opp etter overlevering, blir ordna desse då.
Sjå våre byggjeprosjekt
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.