Ønsker dåken å samarbeide med ein solid leverandør som er opptatt av kvalitet, smarte rutinar, solide system og trygghet på byggeplassen? Brødrene Mæland er alltid på jakt etter dyktige tømrarfirma som ønsker å bygga våre kunders drømmehjem og fritidsboligar.
Ekte handverk er å legga hjertet i det. Det er å ha respekt for råvarene og kjenne stoltheten i brystet kvar gong me reiser eit nytt bygg. Brødrene Mæland søker etter sjølvstendige tømrarfirma som er like opptatt av kvalitet som det me er.
Me er spesielt på jakt etter tømrarlag som kan utføra oppdrag i områda rundt disse områdene:
Haugalandet
Ullensvang
Seljestad, Røldal og Vågsli
Kan dette vera dåken? Då håpar me du registrerar deg her. Då vil me i Brødrene Mæland ta kontakt med deg og svara på alle spørsmåla dine om det å bygga husa våre, hytter og prosjektboligar.
Det er sjølvsagt heilt uforpliktande å kontakta oss.
Ønsker du å vita kva som er fordelane ved å samarbeida med oss? Scroll deg ned og les meir om det ferdige tømrarkonseptet vårt.
Eit trygt sammarbeid
Me er ein trygg samarbeidspartnar for deg og tømrarlaget ditt. Hos oss ventar mange spennande oppdrag som alltid vil vera ferdig prosjektert og berekna før oppstart ute på byggeplass. Alt av materiale blir levert direkte til byggeplassen, til det tidspunktet som er avtalt med tømrarane på førehand. For når de samarbeider med oss, kjem de til eit ferdig konsept der alle rutinar er på plass.
Me tek byggeledelsen
I Brødrene Mæland har me eigen byggeledar for alle byggeprosjekt. Byggeledaren koordinerer alle underentreprenørar, kontrollerer framdrifta og sikrar kvaliteten gjennom heile prosessen. Det er byggeledaren som er kontaktpersonen til kunden, slik at alle tømrarar har fullt fokus på bygginga.
Digitale byggeplassar
I Brødrene Mæland bruker me eit digitalt system som hetter Holte. Dette gjer at tømrarlaget ditt heile tida har enkel tilgang på viktig og nødvendig informasjon om byggeprosjektet – direkte via ein app på mobiltelefonen eller nettbrettet ditt. I Holte ligg alle tegningar, detaljar, sjekklister etc. Systemet er svært brukarvennleg, profesjonelt og effektivt. Her kan òg alle involverte i byggeprosjektet kommunisera med kvarandre.
Me bruker precutt-metoden
I Brødrene Mæland ønsker me oss ein effektiv og nøyaktig byggeprosess. Derfor nyttar me precutt-metoden. Dette betyr at når komponentane til bindingsverket til bygget blir levert på tomta, er dei allerede ferdig kappa, frest og merka. Dette gir ei kortare byggetid. I tillegg blir det mindre avfall og kapp, noko som igjen gjer at man får ein meir ryddig byggeplass.
Me ser fram til og høyra frå deg!