Me treng dyktige fagfolk

Tilsett held vindauge for montering
Foto: Istoria
Brødrene Mæland søkjer fleire dyktige tømrarar, fulle ordrebøker framover gir stort behov for rekruttering.

– Me søkjer tømrarar med fagbrev eller meisterbrev, og gode norsk-kunnskapar som brenn for yrket og eit godt miljø. Ein må vere løysingsorientert og god med menneske, seier interiør- og salskonsulent Sara Helene Kvammen Haugen.

Brødrene Mæland vart etablert i 2009 av brødrane Ole Eirik og Anders Mæland. Etter den tid har byggefirmaet opplevd stor vekst og utvikling og har i dag 13 tilsette. Framover er målet å auke staben, dermed er dei alltid på jakt etter «hotte» namn i bransjen, som dei kallar det sjølv.

– Me leitar alltid etter dei beste fagpersonane, og prøver å vise oss godt fram, til dømes på byggemesser. Ikkje minst er det viktig å ta inn lærlingar og elevar som vil ha arbeidstrening gjennom vidaregåande. Her må me alltid jobbe for å bli betre, og vere ein attraktiv arbeidsplass for dei som søkjer nye utfordringar, seier Sara Helene.

Fulle ordrebøker viser at veksten i selskapet vil halde fram gjennom 2024 og inn i eit nytt år. Byggefirmaet har stor breidde i oppdraga, her finn ein både private husprosjekt, eigne utviklingsprosjekt og næringsbygg.

– Miljøet hjå oss er prega av engasjerte og dyktige fagfolk med vilje til å stå på. Alle vil det beste for bedrifta, og me kan freiste med utfordrande arbeidsoppgåver der ein og får mykje ansvar, god lønn, arbeidsbil og mykje kjekt sosialt. Skal me klare veksten, må me få fleire flinke folk med på laget, slår salskonsulent Sara Helene fast.

« Sjå alle aktuelt saker
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.