Overtakelse av bustad i Sveio

Bilete av fornøyde kunder i nytt hus i Sveio
Ny overlevering, denne gangen i Sveio

Alice og Ole Johnny valde å byggje hus i Sveio (Auklandshamn), fordi dei hadde tomt der og har budd der dei siste 24 åra.

Valet av totalleverandør var litt tilfeldig, dei var på boligmesse og snakka med fleire og sende i etterkant mail til fleire. Brødrene Mæland var dei som gav best respons, og det valet har dei ikkje angra på.

Alice og Ole Johnny har vore veldig fornøgde med byggjeprosessen frå start til slutt. Det er første gongen, (og siste) dei byggjer hus, og dei føler at dei har blitt godt ivaretatt. Under teikning av huset gjorde dei ein del forandringar undervegs. Dei formidla forandringar og det tikka raskt inn ein mail med nye teikningar. Betongarbeidet gjekk fint, og når tømrarane kom, så fann dei raskt ut at her var dei heldige: dyktige og kjekke karar.

Dialogen har vore veldig god, både når det gjaldt byggjeprosess og andre ting. Masse tips og justeringar undervegs vart diskuterte og gjennomførte.

Elektrikarar, rørleggarar og malarar så har vore med på dette prosjektet har dei og hatt ein god dialog med og vore fornøgde med.

Me i Brødrene Mæland takkar så mykje for tiliten og ønskjer Alice og Ole Johnny masse lykke til i nytt hus!

« Sjå alle aktuelt saker
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.