Overlevering av bustad på Balahaugen i Sandeid

Ei veke sidan me hadde overlevering av bustaden til Hilda og Tobias

Hilda og Tobias valde å flytte frå Sola til Sandeid for å komme nærare familie sidan de hadde fått ungar. De syntes Balahaugen i Sandeid verka som eit godt alternativ for deira del, då det bur fleire i feltet som er i same fase av livet. Utsikt var også eit krav de hadde, så då passa Balahaugen bra!

Hilda og Tobias blei tipsa om at Ørjan Furdal som teiknar i Brødrene Mæland var ein god mann å ta kontakt med for bygging. De meinar at det viste seg å vere ei underdriving, så då gjekk det slag i slag etterpå. De visste også at det var Brødrene Mæland som stod for bygginga av det siste tilbygget på Omega 365-kontoret i Ølensvåg, der Tobias i dag jobbar. Derfor valde de å bruke oss som totalleverandør.

De seier at de har fått eit godt totalinntrykk av Brødrene Mæland og syns det er positivt at ting som har oppstått undervegs har blitt tatt tak i og ikkje berre kasta deira veg.

Me i Brødrene Mæland takkar så mykje for tilliten og håpar de kjem til å trivast godt i det nye, flotte huset!

« Sjå alle aktuelt saker
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.